01.03.24

Utstilling: Vestlandsutstillingen 2024

Foto: Skodvin_VU24

Vestlandsutstillingen 2024

22. Mars – 28. April 2024

Åpning: 21. Mars kl. 18.00-20.00
Åpent onsdag-søndag kl. 12.00-16.00 (stengt skjærtorsdag tom. 1. påskedag) 

 
Utstillere 

Unni Marie Lien 
Preben Solevåg 
Darryn Lee 
Nora Adwan 
Terje Grimen 
Solfrid Aksnes 
Nina Eriksson 
Lars Korff Lofthus 
Helge Skodvin 
Amund Gravdal 
Eirik Brandal 
Tor Jørgen van Eijk 
Eirik Falckner 
Turid Sværen 
Endre Aalrust 
Audar Kantun 
FAT (Anja Tveiterås & Fredrik Alden Thorsen) 


 
Om utstillingen
 
Vestlandsutstillingen er ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.  

Sjølv om det er få av kunstnarane i VU 2024 som medvite og med vilje arbeidar med tematikken Vestlandet, så lagar verka til saman rom av vestnorsk natur, tradisjonar og brot, med blikk utanfrå hovudstraumane, og liv som nektar å passe friksjonsfritt inn i sentralstaten Norge. Her er kulokkar og olje. Natur og industri. Kristendom og ukristeleg støy. Radikalisme og rosemåling. Utanforskap og framskap. Egalitet og mangesysleri. (Bjørn Hatterud, kurator)   

Historie
 
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending. 

I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet. 

Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemmer frå kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Rogaland Kunstsenter, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag. 

Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland. 


 
Om kurator Bjørn Hatterud 

Bjørn Hatterud (fødd 1977) er kvart sunnmøring, har eit tverrfagleg kunstfagleg virke, og er i sitt arbeid særleg oppteken av motsetningspara høg-/lågkultur, konformitet/motstand og normalitet/avvik. Han er forfattar, musikar, kritikar og kurator, med ei lang rekkje utgjevingar og prosjekt i ulike sjangrar og kunstuttrykk bak seg. Han har saman med Jan Grue og Olaug Nilssen mottatt Fritt Ords Pris for sitt «bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen til funksjonshemmede i Norge».