16.01.21

Intervju i Stavanger Aftenblad

Foto: Jarle Aasland / Stavanger Aftenblad

Etter 13 år i Bergens kunstliv, skal Jane Sverdrupsen leia Rogaland kunstsenter. Kva kan kunstbyen Stavanger læra av kunstbyen Bergen?

Les Stavanger Aftenblad 16. januar 2021

 

 

– Bergen har eit sterkt vitskapleg miljø for biletkunst ved universitetet som påverkar kunstscenen i byen. Eit slikt fagleg universitetsmiljø har ikkje Stavanger, seier Jane Sverdrupsen.

Etter å ha starta så smått allereie i sommar, tok ho 1. oktober over på fulltid som ny dagleg leiar for Rogaland kunstsenter. Senteret ligg – enn så lenge – på Nytorget i Stavanger, men har heile fylket som ansvarsområde i sitt arbeid med visuell kunst.

Sverdrupsen, opphavleg frå Karmøy, har ein mastergrad i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen, i dag Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) under Universitetet i Bergen. I Bergen har ho både jobba som frilans kurator, som kunstnar og som kommunikasjonskonsulent på kunstfakultetet.