13.09.18

Lansering av Gilka QTLY

Gilka QTLY#1

Lansering av Gilka QTLY #1 og #2 

Rogaland kunstsenter

torsdag 13. september kl 21.00 til 23.00 

 

Geir Egil Bergjord lanserer første og andre utgåve av Gilka QTLY, eit fotoblad  med referanse til kulørt vekepresse i format og papirkvalitet, men fritt for tekst og med utfallande fotografi på alle sider.

 

– Gilka QTLY #1: 64 sider, format 210 x 278 mm, 90 g Highspeed Matt.

– Gilka QTLY #2: 48 sider, format 210 x 278 mm, 90 g Highspeed Gloss.

 

Redigert som ei «artist book» med Bergjords eigne fotografi, fokuserer kvart nummer på eit utvald tema eller emne. Motivasjon er å prøve ut bildebruk og samanstillingar av fotografi, der presentasjonen av fotografiet er underordna logikken generert av sideforløpet i kvart nummer. Summen av det ein ser når ein blar gjennom magasinet er slik viktigare enn fotografia som er presentert.

Første utgåve kan oppfattast som ein 64 siders «case study» av eit utval flanellskjorter, med eit lekent og nærast surrealistisk resultat. Andre utgåve er satt saman av seks fotografi tatt under to reiser over fjellet i Sør-Norge, vår og sommar 2015. Bilda er delt i fire like store delar og fordelt på fire oppslag over magasinets 48 sider, slik at ein aldri har overblikk, men at kvart oppslag i staden fokuserer på detaljar av menneskeskapt kultur i møte med natur. Forløpet av bileta kan antyde ei historie utan at ein heilt veit kva den er. Visuelt og tematisk er det eit stort spenn mellom dei utgåvene, men ein finn eit gjennkjennbart fotografisk blikk for detaljar og omgivnad.

 

Geir Egil Bergjord (1964) har base i Stavanger og arbeider i eit bredt spekter av kamerabaserte uttrykk, i form av utstillingar, bøker, film, nettprosjekt og kunst i offentleg rom. Arbeida hans er innkjøpt av Stavanger kunstmuseum, Bergen Billedgalleri (nå ein del av KODE – Kunstmuseene i Bergen)og Norsk kulturråd.

Namnet på magasinet, Gilka QTLYrefererer til Bergjord sitt forlag Gilka,etablert i 2005 for å publisere eigne fotobøker. Forkortinga qtlyindikerer ein ambisjon om å utgje magasinet kvartalsvis. Dei to pilotutgåvene av magasinet er støtta av Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune, og magasinet er produsert i samarbeid med Gunnarshaug Trykkeri AS i Stavanger.

Under lanseringa på Rogaland kunstsenter torsdag kveld, blir det servert forfriskningar. Som ei hylling til det fysiske formatet spelar DJ Gilka og DJ Kjetil D. Brandsdal eit utval vinylplater. Gilka QTLYvil òg bli presentert søndag 16. september under Oslo fotobokfestival.

Utsalspris  for magasinet er kr. 100,-. Under lanseringa kan ein kjøpe dei to utgåvene for kr 150,- .